Katt laus på øy, fugleart døydde ut

Få kattar gjer seg fortent til ein plass i historiebøkene. Tibbles har på kort tid gjort to innhogg. Fyrst oppdaga han ein heilt ny fugleart; Stephen Island-gjerdesmetten. Så utrydda han den.

Den vesle øya Stephen Island var den siste boltreplassen for den sårbare gjerdesmettearten som øya har gitt namn til. Rett nord for Sørøya på New Zealand har øya vore avsondra for kontakt med omverda i fleire hundre år. Utan naturlege fiendar hadde gjerdesmetten levd eit bedageleg liv. Eigenskapar som det å kunne fly, som er relativt vanleg blant fuglar, og skepsis til andre dyreartar har dei ikkje brydd seg med å lære seg. Den vesle fuglen levde på bakken, lagde reira sine i hol og under steinar og åt insekt for å halde seg i live. Den heldt seg vaken om nettene då den som ei mus gjekk rundt og jakta på mat. Den var berre ein av tre songfuglar som ikkje kunne fly. gjerdesmetten

Kjæledyrforbod
Men alt dette er berre meir eller mindre kvalifiserte gissingar. For våren 1894 kom fyrlyktmeister David Lyall til øya for å bu ved det nye fyrtårnet som skulle vise vegen inn til Wellington. Med seg hadde han den tilsynelatande ufarlege katten Tibbles. Begge fann seg til rette på øya og det gjekk ikkje lenge før Tibbles byrja å kome attende til matfar med fugl i munnvika. Lyall fatta med ein gong interesse for fangsten og sendte dei til Wellington slik at forskarar kunne ta ein titt på fuglen. Zoologen og baronen Walter Rothschild såg raskt at dette var ein ny art. Men før han fekk tinga eit levande eksemplar, var det for seint. Tibbles synte ein skremmande effektivitet som drapsmann og dei einaste bevisa me har om arten sin eksistens er dei offera som Tibbles stolt la framfor beina til matfar. Dei New Zealandske styresmaktene har no sendt ut eit skriv som forbyr fyrlyktmeistrar å ta med seg kjæledyr ut til fyrlyktene.

Bråkmakarar på ferde
Ny verdsrekord i lengdehopp
Engelsk fregatt mot Bergen
Leigh Hunt arrestert

Kultur

Tirevit i vinden
Shakespeare-dramaet som ikkje var

Vitskap

Katt utryddar fugleart
AC/DC-Krigen spissar seg til

Reise

Portugals Asia-monopol brote

Takyonen

Vitskapens Poe
48. årgang, nr 201
New Zealand
tysdag aften, 14.august 1808

ansvarleg redaktør: Olav Hansteinsvik
Skribentar:
Lady Van Zandt
Bror Minde
Sunnhordlandsjarlen
Debattredaktør:
Arthur Twinn
Sentralbord:
Bergen Vest 0731
Adresse: Naivisten, Postboks 313, 034 Bergen, Hordaland, Noreg

Naivisten
Det søkande alternativ for ladies og gentlemen som ikkje let seg affisere av kronologi, men som samstundes vil halde seg orientert om verdas gåtefulle krumspring.


"Det finst ikkje ei historie om mennesket, det er berre mange historiar om alle aspekt ved mennesket sitt liv."
Karl Popper