Portugals Asia-monopol brote

Portugals monopol på sjøhandel med Asia er brote etter at detaljerte sjøkart er lagt ut for sal i Nederland.

Amsterdam, 1595 Portugal har i nærmare hundre år vore den einaste sjøfartsnasjon med detaljerte sjøkart til Asia, og har dermed hatt nærmast monopol på handel med India, Indonesia og Kina. Det vil no koma til ein ende takka vere ein utro sekretær ved portugisarane sitt kontor i Goa, India. Ein nederlender fekk tilgang til dei topphemmelege karta over sjøvegen til Asia og nytta høvet til å kopiere dokumenta.Jan Huyghen van Linschoten, eventyrar, handelsmann og no spion har no lagt desse kostelege karta over den viktige handelsruta ut for sal. Gjennom fleire år opparbeidde han seg tillit blant portugisiske embetsmenn, sist med erkebiskop Vecente de Fonseca av Goa. Med ei skarp veltalande tunge, vågemot og drift brukte han seine nattetimar på å lure seg inn i kartrommet - som portugisarane vakta over med falkeauge - og kopierte nøysamt alle karta.

Ein kopp med te?
Nyhendinga har skapt stor glede i nederlandske og britiske krinsar. Entusiastisk ser dei fram mot å få importere nye produkt som dei før hadde avgrensa tilgang til. Silkestoffet, før berre sett på dei mest galante ball, vil no verta allemannseige. Meir kreative sjeler har høyrt historier om eit blad som vert blanda med varmt vatn. Resultatet vert ein velsmakande, næringsrik drikk. Men dette vil nok aldri meir enn fabuleringar av det fantasifulle slaget. Britane sine drikkevanar kan nok ikkje vendast om i ei handvending. Teen, som drikken heiter, vil nok aldri ta over etter den populære ginen.

Bulletin

Aktuelt

Ny verdsrekord i lengdehopp
Engelsk fregatt mot Bergen
Leigh Hunt arrestert

Kultur

Tirevit i vinden
Shakespeare-dramaet som ikkje var

Vitskap

AC/DC-Krigen spissar seg til

Reise

Portugals Asia-monopol brote
188. årgang, nr 38
Amsterdam, Nederland
tysdag morgon, 6.mai 1595

ansvarleg redaktør: Olav Hansteinsvik
Skribentar:
Lady Van Zandt
Bror Minde
Sunnhordlandsjarlen
Debattredaktør:
Arthur Twinn
Sentralbord:
Bergen Vest 0731
Adresse: Naivisten, Postboks 313, 034 Bergen, Hordaland, Noreg

Naivisten
Det søkande alternativ for ladies og gentlemen som ikkje let seg affisere av kronologi, men som samstundes vil halde seg orientert om verdas gåtefulle krumspring.


"Det finst ikkje ei historie om mennesket, det er berre mange historiar om alle aspekt ved mennesket sitt liv."
Karl Popper