Den kjende, dansarinna Mademoiselle Tirevit si forførande framferd førte sist tysdag til ein luftig duell med dødeleg utfall.
Paris, 1808. Mademoiselle Tirevit har den siste tida sjarmert seg inn i rampelysa på dei ulike dansescenane her i verdsmetropolen med sine sensuelle og grasiøse dansesteg. Mange av byens mest ettertrakta ungkarar har blitt ført inn i dumskap og hjartesorg av den sugerande elegansen hennar. Ingen meir enn Monsieur de Grandpre og Monsieur le Pique. Dei to kurtisørane kom ein februardag i klammeri over Tirevit. I den oppheita samtalen fall ord som ikkje kunne takast attende og ein duell vart avtalt.
Ballongar
Hadde det vore to ordinære duellantar ville denne historia gått inn i gløymeboka med ein kårdeduell der taparen gjekk heim med tapt ære og eit skrubbsår. Men desse to gentlemen synte ein sjeldan kreativitet i val av duellvåpen; luftballongar! Høgt over Paris illeluktande gater skulle dei sveve i desse populære fartøya og prøve å skyte kvarandre ned. På denne måten ville dei heve seg over massane; dei var jo eleverte herrar. Hovudrolleinnehavaren, Mademoiselle Tirevit, gjekk med på å æra vinnaren med eit smil. Det vart avtalt at dei skulle vente i tre månader med duellen slik at dei skulle møte kvarandre som gentlemen, utan å vere affektert av krangelens svarte slør.
Gunstig vind
Dei tre månadene tamde nok sinnet deira, men ikkje duellviljen. Tysdag møttest dei med to identiske ballongar i skyene over Paris. Med roleg vind var dei sikra rettvise tilhøve. I ein naiv tru om at det ikkje skulle gå liv tapt vart sekundantane med opp i ballongane. Det var avtalt at dei skulle skyte på ballongen, ikkje mannen og dei rekna med at eit treff ville få ballongen til å dale roleg til bakken. Ovanfor ein stor tilskodarmasse fyrte Monsieur le pique av det fyrste skotet; bom. Det var då Monsieur de Grandpre sin tur. Han sikta godt og trefte målet. Eit stort hol opna seg og ballongen tømde seg på kort tid for luft. I staden for ein behageleg nedtur stupte dei mot bakken. Duoen fann sin ende i eit løetak rett utanfor Paris. Denne reporteren har ikkje fått klårleik i om de Grandpre fekk det ettertrakta smilet frå Tirevit.
Naivisten
Det søkande alternativ for ladies og gentlemen som ikkje let seg affisere av kronologi, men som samstundes vil halde seg orientert om verdas gåtefulle krumspring.
"Det finst ikkje ei historie om mennesket, det er berre mange historiar om alle aspekt ved mennesket sitt liv."
Karl Popper