Leigh Hunt arrestert

Den skarpe skribenten kan sjå fram til to år bak murane etter ein kritisk artikkel om kong George

London,1812. Arrestasjonen kom etter at Hunt i ein artikkel i det radikale magasinet The Examiner, som Leigh Hunt driv saman med broren John Hunt, gjekk til åtak på regenten. Frontalangrepet den 21, mars dette år var på sitt skarpaste og sårande då han kalla Kong George ein feit, 50-år gammal Adonis. Etter ein rask rettssak vart brørne Hunt dømt til to års fengsel og bøter på 500 pund kvar.

Lyrikk
Leigh Hunt seier at han skal gjere det beste ut av fengselsstraffa. Brørne har fått lov til å halde fram med å redigere magasinet under soninga. - No vil eg endeleg få tid til å konsentrere meg meir om å skrive dikt, fortel ein forbausande opplagt Leigh Hunt om soninga. Han erkjenner at han må tone ned meiningsytringane sine, men vil framleis tale dei liberale si sak. - Dessutan har Lord Byron lova meg å kome ofte på vitjing å ta med seg bøker, smiler Hunt.

Den usynlege krigen
I ei anna sak kunne den vanæra kong George kunne nyleg offentleggjera at krigen med Russland var komen til ein ende. Reaksjonen frå publikum var ikkje så positiv som regentkongen hadde vona. Ei sarkastisk røyst bak i salen som meinte at den anglo-russiske krigen hadde vore ein krig på papiret utan at det hadde fått følgjer for slagmarka fekk fram latteren i salen. - Kva? Har me vore i krig med Russland? Ei av dei største nasjonane i verda, uhørt! Då vedkommande fekk i svar at britane har vore i krig med russarane i fem år kom svaret umiddelbart.
- Gløymde russarane å fortelje oss om dette?

Bulletin

Aktuelt

Ny verdsrekord i lengdehopp
Engelsk fregatt mot Bergen
Leigh Hunt arrestert

Kultur

Tirevit i vinden
Shakespeare-dramaet som ikkje var

Vitskap

AC/DC-Krigen spissar seg til

Reise

Portugals Asia-monopol brote
20. årgang, nr 18
London, England
Laurdag morgon, 11.juli 1812

ansvarleg redaktør: Olav Hansteinsvik
Skribentar:
Lady Van Zandt
Bror Minde
Sunnhordlandsjarlen
Debattredaktør:
Arthur Twinn
Sentralbord:
Bergen Vest 0731
Adresse: Naivisten, Postboks 313, 034 Bergen, Hordaland, Noreg

Naivisten
Det søkande alternativ for ladies og gentlemen som ikkje let seg affisere av kronologi, men som samstundes vil halde seg orientert om verdas gåtefulle krumspring.


"Det finst ikkje ei historie om mennesket, det er berre mange historiar om alle aspekt ved mennesket sitt liv."
Karl Popper