Kampen om straumkrinsane mellom Thomas Edison og Nikola Tesla spissar seg til. Siste offer er elefanten Topsy.
New York, 1903. Topsy, ein mannevond elefant ved Adam Forepaughs sirkus på den gamle feriestaden Coney Island, vart sist sundag drepen med elektrisk sjokk framfor 1 500 tilskodarar.
Sjølve eksekusjonen varte i nokre få sekundar og vart gjennomført av Thomas Edison for å syna kor farleg AC-straumen - utvikla av Nikola Tesla (biletet), ein tidlegare tilsett hos Edison- er for menneske og dyr. Tidlegare har Edison heldt seg til å elektrifisere mindre dyr som kaninar, kattar og laushundar som ein del av sin massive kampanje.
Elektrifiseringa har han prøvd å kalla å Westinghousa, etter George Westinghouse, den finansielle drivkrafta bak Tesla sitt prosjekt. Ein anna konsekvens av kampanjen er ironisk nok at Edison sine menn har funne opp den elektriske stolen - Edison er ein erklært motstandar av dødskraft - som har blitt brukt med vekslande hell sidan 1890.
Meir effektiv
Tesla og Westinghouse fnyser av påstandane til Edison. Dei hevdar at DC-straumen er like farleg som AC-straumen og peikar på alle dødsfalla under den store stormen i New York i 1888. I staden ber dei folk om å sjå på alle fordelane med vekselstraumen deira.
- Det er mykje enklare å transportere straumen, ein treng mykje mindre leidningar og ein mistar nesten ikkje noko kraft i transporten i høve til Edison sin fossile direktestraum, seier duoen i ei pressemelding. Ein mager trøyst for Topsy.
Naivisten
Det søkande alternativ for ladies og gentlemen som ikkje let seg affisere av kronologi, men som samstundes vil halde seg orientert om verdas gåtefulle krumspring.
"Det finst ikkje ei historie om mennesket, det er berre mange historiar om alle aspekt ved mennesket sitt liv."
Karl Popper