Den bergenske roflotilje er i full beredskap etter at ein britisk militærbåt under hollandsk flagg er observert på veg mot Bergen.
Bergen, 1808. Fregatten vart sist observert ankra opp ved Bjorøy i påvente av gunstige straum- og vindtilhøve. Det er rapportert at det skal vere over tjue fangar om bord og at dei har teke av dage fleire nordmenn på sin veg opp mot Vatlestraumen. Med det store flåteranet i København friskt i minne, der britane stakk av med heile den dansk-norske flåte er dette skrekkscenarioet til det bergenske forsvaret. Danskane har nesten sagt rett ut at nordmennene må greie seg sjølv under krigen med britane. Dermed har Bergen berre ein kanonsjalupp og fire kanonjoller som forsvar. Då dei i tillegg ikkje har vore i teneste meir enn tre veker, reknar ein med at dei har lite å stille opp med mot ein hissig britisk fregatt.
Norske hjelparar?
Blant styresmaktene vert det spekulert i korleis det fiendtlege skipet har funne fram i den krokete skjergarden. Pålitelege kjelder seier at det er særs usannsynleg at dei har kome så langt utan hjelp frå lokalkjende losar. Det er nyleg sendt ut eit skriv til losstasjonane som åtvarar på det sterkaste å lose inn utanlandske skip.
Me kjem attende med meir etter kvart som saka utviklar seg.
Naivisten
Det søkande alternativ for ladies og gentlemen som ikkje let seg affisere av kronologi, men som samstundes vil halde seg orientert om verdas gåtefulle krumspring.
"Det finst ikkje ei historie om mennesket, det er berre mange historiar om alle aspekt ved mennesket sitt liv."
Karl Popper