Det nyoppdaga Shakespeare-dramaet «Vortigern and Rowena», som nyleg vart latterleggjort på urpremiera i Drury Lane-teateret, viser seg, ikkje uventa, å vere ei forfalsking.
London, 1796. I botn av dramaet ligg ein familietragedie der den sonen vinn farens gunst på uærleg vis. Det starta for to år sidan då William Henry Ireland fortalde faren sin, forfattaren Samuel Ireland at han hadde fått tak i ei kiste med gamle dokument. Faren var ein ivrig samlar av relikviar frå gamle litteratur heltar og fatta stor interesse for gjenstandane. I første omgang varta William H. Ireland opp med eit skøyte med William Shakespeare sin signatur. Etterkvart utvikla funna seg og sonen vart ivrigare. Eit notat der forfattaren svor truskap til den protestantiske tru, eit brev til Anne Hathaway med eit hårlokk og eit brev til dronninga. Det toppa seg då han hosta opp fire heile Shakespeare-manuskript - to heilt ukjende.
La korta på bordet
Dette var ein draum som vart verkeleg for Samuel Ireland. Stolt synte han fram dei nye dokumenta som litterære bautaer som James Boswell og Samuel Johnson gjekk god for. Men han var ikkje lenge i skyene. Etter den famøse urpremiera på «Vortigern and Rowena» fekk han eit samla kritikarkorps på nakken. Alle var overbevist om at Shakespeare ikkje kunne ha forfatta noko slikt skvip. Etter stort press har no William Ireland lagt alle korta på bordet. Han har forfalska samtlege dokument. Alle er, rett nok, ikkje viljuge til å ta historia for god fisk. Enkelte finn det tvilsamt at Ireland, den unge, har stått bak dette heilt aleine, og peikar i staden på faren som tviheld på si uskyld.
Det har vore uråd for oss å kome i kontakt med W. H. Ireland. Rykta går om at han har teke turen til froskelandet i sør
Naivisten
Det søkande alternativ for ladies og gentlemen som ikkje let seg affisere av kronologi, men som samstundes vil halde seg orientert om verdas gåtefulle krumspring.
"Det finst ikkje ei historie om mennesket, det er berre mange historiar om alle aspekt ved mennesket sitt liv."
Karl Popper