Dei frammøte på Iffley Road, Oxford universitetet sin friidrettsbane fekk seg litt av ein godbit laurdag då multitalentet C.B. Fry, skada og ute av form, sette ny verdsrekord i lengdehopp
OXFORD,1893. Blant tilskodarane er det stor semje om at den nye rekorden, på 7.17 meter, vil stå i fleire tiår. Enkelte lurte til og med på om rekorden nokon gong vil verta slått. Hovudpersonen sjølv vart overraska over at han greidde å hoppe så langt.
- Eg hadde eit mykje kortare tilløp enn normalt. Men av ein eller anna grunn fekk eg mykje meir sprett i hoppet og oppnådde ein stor høgde. Når eg landa spratt eg rett opp at over seks fot frå planken, sa den adoniske gentlemannen etter det store spranget.
Tung opplading
Han hadde ikkje lagt stor vekt
på friidrettsstemnet og møtte opp utan å ha førebudd seg på
nokon måte, visstnok skal det ha vore fyrste gong cricketspelaren
prøvde seg på lengdehopp sidan barndomen. Rett før det
banebrytande tredjehoppet vart han observert i restauranten der han
åt ein heftig lunch, som han avslutta med eit glas whisky; Lagavulin
12 års single malt. Hoppet hadde dessutan vore 20 centimeter lengre
hadde ikkje satsplanken vore øydelagt og Fry måtte ta sats framfor
og ikkje på planken.
Me har nok ikkje sett det siste av den talentfulle 20-åringen. Sjølv om han har spenst som kenguruane i Australia og fart som afrikas geoparder, er det i cricket og fotball unge Fry har det største potensialet. Underteikna er ikkje i tvil om at han vil få landskampar i begge greiner.
Naivisten
Det søkande alternativ for ladies og gentlemen som ikkje let seg affisere av kronologi, men som samstundes vil halde seg orientert om verdas gåtefulle krumspring.
"Det finst ikkje ei historie om mennesket, det er berre mange historiar om alle aspekt ved mennesket sitt liv."
Karl Popper