Mannen som fann opp det tjuande århundre

Ladies og gentlemen,
Velkommen til Takyonen og mitt audmjuke føredrag om Nikola Tesla. Om dykk tillet det vil eg byrje aftenens foredrag med ei personleg historie. Som liten har eg alltid vore interessert i oppdagingar. Fyrst verda, så verdsrommet og til slutt vitskapen. Eg følte meg heime i grenselandet til kunnskapen. Det var eventyrarane som interesserte meg. William Gilbert, Isaac Newton, Albert Einstein. Til alt hell hadde eg ein onkel av same legning. Eg må ha vore ei plage for familien då det ikkje var få kveldar han kasta vekk på å forklare meg kvifor planetane sin bane rundt sola er ein ellipse, korleis lys krummar seg, kva farge er for noko. Ei helg, eg må ha vore i byrjinga av tenåra, var foreldra mine bortreist. Mens andre på min alder ville sparke, krangle og grine - forgjeves - for å vere aleine heime, kunne eg ikkje tenkje meg noko betre enn å skulle overnatte hos onkel. Tante smilte tappert då eg oppglødd storma inn i husværet deira, ho ville ikkje få mykje tid med onkel før foreldra mine kom attende. Han venta på meg i den djupe, brune chesterfieldstolen han fekk billig på eit loppemarknad - noko han stadig minte oss på. Eg skulle til å greie ut om dagens ut om dagens undring då han drog fram ei bok.
- Eg trur du er gammal nok til å få lese denne boka no, sa han med eit varmt smil og reiste seg opp og ba meg setje meg i stolen. Det var ei losliten, vellest bok på knappe nitti sider. Utan å seie eit ord vart eg overlate til meg sjølv. Boka var «My inventions» av Nikola Tesla; Vitskapens Edgar Allan Poe.

Fotografisk hugs
Nikola Tesla er ein av dei mest oppsiktsvekkjande oppfinnarane i moderne tid. Ein oppfinnar som levde i grenselandet mellom genialitet og galskap. Samstundes som han hevda at han kommuniserte med marsboarar, konstruerte han apparat som skulle revolusjonere liva våre. Han er ein av hovudmennene bak oppfinninga av radioen, han innførte vekselstraumen som råder den dag i dag og han var ein av dei fyrste pionerane i forskinga som skulle gje oss radaren og røntgen-strålane. Tesla var fødd i Austerrike-Ungarn i 1856. Han var ein av dei som var velsigna med fotografisk hugs og kunne pugge heile bøker på kort tid. Dessutan opplevde han augneblikk med nærast guddommeleg inspirasjon der gjenstandar som han seinare skulle finne opp openberra seg for han. Han kunne sjå gjenstanden med stor detaljrikdom og visste nøyaktig kva den skulle brukast til. Deretter var det berre å byggje gjenstanden.

Tesla og Edison
Ikkje ulikt mange andre eventyrarar reiste Tesla til USA utan pengar og anna klede enn dei han hadde på seg. Det einaste han hadde var eit brev adressert til Thomas Edison. I brevet, skreve av oppfinnaren Charles Batchelor, stod det berre ein setning: "I know two great men and you are one of them; the other is this young man." Edison hyra inn Tesla umiddelbart. Men dette partnerskapet skulle snart bli eit bittert fiendskap. Edison lova Tesla 50 000 dollar dersom han greidde å konstruere ein forbetra utgåve av DC generatoren til Edison. Då Tesla, nesten eit år seinare, presenterte ein forbetra generator og bad om å få pengane, repliserte Edison at Tesla ein gong ville lære seg å forstå amerikansk humor. Han trakk attende tilbodet og Tesla sa opp med umiddelbar verknad. Fiendskapet mellom desse to oppfinnarane skulle utvikle seg ytterlegare i det som er blitt kalla «The war of the currents». Tesla starta opp, etter å ha arbeid ein mindre periode som grøftegravar, eit eige elektrisk selskap med entreprenøren Westinghouse som ein økonomisk støttespelar. Likestraumen (DC) til Edison var på denne tida rådande i det amerikanske straumnettet. Likestraumen hadde store manglar, det var stort svinn i straumoverføringa og ein kunne dermed ikkje overføre straum meir enn eit par kilometer frå kraftverket. Meir på neste side

Bulletin

Aktuelt

Bråkmakarar på ferde
Ny verdsrekord i lengdehopp
Engelsk fregatt mot Bergen
Leigh Hunt arrestert

Kultur

Tirevit i vinden
Shakespeare-dramaet som ikkje var

Vitskap

AC/DC-Krigen spissar seg til

Reise

Portugals Asia-monopol brote

Takyonen

Vitskapens Poe
1. årgang, nr 1
Takyonen
Sundag, 30.Februar

ansvarleg redaktør: Olav Hansteinsvik
Skribentar:
Lady Van Zandt
Bror Minde
Sunnhordlandsjarlen
Debattredaktør:
Arthur Twinn
Sentralbord:
Bergen Vest 0731
Adresse: Naivisten, Postboks 313, 034 Bergen, Hordaland, Noreg

Takyonen
Vest for Pointier Street finn du Takyonen. Ein prøvande utestad som utforskar, grev og underheld. Ei scene med metafysisk tilsnitt som gjer oss foredrag og konsertar utanfor redaksjonen si fatte- emne, men vonleg innafor lesarens.