Likestraumen hadde store manglar, det var stort svinn i straumoverføringa og ein kunne dermed ikkje overføre straum meir enn eit par kilometer frå kraftverket. Difor utvikla Tesla og Westinghouse vekselstraumen (AC). Denne kunne overføre straum mange hundre kilometer med svært lite svinn. Sjølv om vekselstraumen var overlegen likestraumen gav ikkje Edison så lett. Ein stor del av patenta hans var knytt opp mot likestraum og han ville miste store inntekter om vekselstraumen overtok. Difor starta Edison ein massiv PR-kampanje retta mot vekselstraumen og det at den var farleg. For å syne dette reiste han rundt og drap hundar og kattar med å gje dei elektrisk støyt med vekselstraum. Det heile kulminerte i at han sendte eit lite kraftverk gjennom elefanten Topsy. På dette korstoget fann han og opp den elektriske stolen. Men likestraumen var ikkje ufarleg den heller. På grunn av vekselstraumen sine enorme praktiske fordeler, vart det til slutt Tesla og Westinghouse som gjekk av med sigeren.
Finansielle problem
Tesla hadde ikkje den same kontrollen over andre aspekt med livet sitt som han hadde med oppfinningane sine. Mannen som tamde Nigarafossen ved å vinne ut straum frå han, makta ikkje å kontroll på eigen økonomi. Då han inngjekk partnerskap med Westinghouse makta han rett nok å sikre seg royalties på bruk av vekselstraum, noko som ville gjort han til ein av verda sine rikaste menn i dag. Men då Westinghouse fekk økonomiske problem i krigen mot Edison, reiv Tesla avtalen i sund utan å sikre seg at han ville få pengar seinare. Heile livet dreiv han med dyre eksperiment som skulle kosta mykje utan at han hadde sikker finansiering. Difor vart fleire av prosjekta hans vart skrinlagde før fullbyrding. Dette var med på å gje Tesla eit frynsete rykte som oppfinnar. Hans største nederlag fekk han då han bygde eit enormt tårn i New York som skulle vere eit senter for trådlaus overføring av straum, bilete, lyd og tekst over heile verda. Noko som på den tida var utenkjeleg for alle andre enn Tesla sjølv. Prosjektet var lovande, men stranda då pengekassen gjekk tom. Det at han meinte at han fekk radiosignal frå marsboarar skaka også omdømmet hans. Seinare har astronomar oppdaga at det på den tida faktisk kom radiosignal til jorda frå mars, rett nok av naturleg opphav.
I dei siste tiåra av livet sitt var Tesla ein bitter mann. Spesielt vart han merka då Marconi i 1909 fekk Nobelprisen i fysikk for oppfinninga av radioen, ei oppfinning som Tesla var ute med først. Då Tesla tidlegare hadde blitt konfrontert med Marconi sitt arbeide var han ikkje uroa, men repliserte med at Marconi gjorde ein god jobb: «han brukar jo 17 av mine patent i «oppfinninga»».
Eksentrisk eller galen?
Sjølv på sine bitre gamle dagar, då hans eksentriske sider kom meir og meir fram, kom han opp med revolusjonerande nye tankar. Blant anna studerte han, under fyrste verdskrig, korleis ein kunne finne fiendtlege skip. Dette bana veg for radaren og røntgenapparatet. Men han brukte meir og meir tid på andre ting enn oppfinningar. Han gjekk mykje i parken og prøvde å lægja såra duer. Seinare prøvde han og å finne opp ein laser som kunne øydeleggje alle fiendtlege våpen i synsvidda. Tanken var at med eit slikt våpen, som var så stort at det ikkje kunne bli frakta rundt, ville alle land kunne forsvare seg mot alle åtak og difor ville det vere meiningslaust å gå til krig.
Tesla døydde i 1943, 86 år gammal, på eit hotellrom i New York. Han var isolert, gjeldtunga og utan den æra han meinte han hadde krav på. Fyrst seinare dette året kom amerikansk høgsterett fram til at det faktisk var vår eksentriske ven som hadde funne opp radioen. Sluttar av på neste side.
Takyonen
Vest for Pointier Street finn du Takyonen. Ein prøvande utestad som utforskar, grev og underheld. Ei scene med metafysisk tilsnitt som gjer oss foredrag og konsertar utanfor redaksjonen si fatte- emne, men vonleg innafor lesarens.