Vilter ungdom har den siste tida skapt mykje rabalder på lyststaden Grøndalshuset i Charlottenlund. No har lokalbefolkninga fått nok av «bøllene».
København,1885. Det trivelege Grøndalshuset har i lange tider vore ein av Charlottenlunds kjæraste tilhaldsstader på laurdagskveldane. Sunn ungdom av alle årgangar har samla seg til leik, moro og eventyr av det meir amorøse slaget. Dei langhalsa med sans for sladder kan melde om fleire ekteskap som er blitt pressa fram etter eskapader seine nattestimer ved denne lyststaden. I same andedrag kan dei fortelje om paniske forhandlingar mellom foreldre med eit meir konservativt syn på ekteskap og kjærleik.
Bøllemosen
Men i den siste tida har det ulma i denne rosens hage. Ein bande har byrja å vanka i området som har eit anna syn enn allmuen om kva som er hyggjelege laurdagsaktivitetar. Denne ungdomsgjengen, som stort sett består av læredrenger frå København, har gitt etter for ei av lystane som utviklar blant unge herremenn på terskelen til vaksenlivet; vald. Dei har fast møtestad ved Bøllemosen der dei drikk seg til mot før dei går mot Grøndalshuset for å overfalle intetanande, forsvarslause gentlemenn og laga ballade. Dei held seg ikkje ein gong over det å stele hattar.
No har lokalbefolkninga fått nok og ber politikarar og politi ta affære mot desse urokråkene. Riff-raffet er blitt så organiserte at dei har gitt seg sjølv eit namn; Bøllesjakket. På folkemunne har medlemmene av denne tvilsame foreininga fått kallenamnet bøller.
Naivisten
Det søkande alternativ for ladies og gentlemen som ikkje let seg affisere av kronologi, men som samstundes vil halde seg orientert om verdas gåtefulle krumspring.
"Det finst ikkje ei historie om mennesket, det er berre mange historiar om alle aspekt ved mennesket sitt liv."
Karl Popper